![](https://kmd-bad.no/2020/media/pages/prosjekter/ashild-schnelle-skjelanger/1808265901-1694500544/4-1200x-q99.jpg)
Stranda i plast
By Åshild Schnelle Skjelanger
Me lever i ei tid der plast er å finne alle stader, i alle slags fasongar og fargar. Materialet som dagens samfunn har blitt avhengig av endar ofte opp i havet, og noko av det dukkar opp på strendene våre.
Dette prosjektet er ein visuell dokumentasjon av marin forsøpling ved to utvalde strender i vestland fylke.
Målet med prosjektet er å setje lys på kva som er kjeldene til marin forsøpling, noko som er viktig for å hindre tilførsel av nytt avfall til havet. Resultatet vart eit illustrert oppslagsverk på 160 sider, der illustrasjonene er kategorisert etter opphav og form. Illustrasjonene er laga i blyant/fargelagt digitalt, og er basert på eigne foto av funn over ein tidsperiode på fem veke. Sjølve boka er bundet for hand.
![](https://kmd-bad.no/2020/media/pages/prosjekter/ashild-schnelle-skjelanger/64570095-1694500544/bilde1-600x.jpg)
![](https://kmd-bad.no/2020/media/pages/prosjekter/ashild-schnelle-skjelanger/2031686031-1694500545/bilde3-600x.jpg)
![](https://kmd-bad.no/2020/media/pages/prosjekter/ashild-schnelle-skjelanger/1148794943-1694500544/bilde2-600x.jpg)