Skaparglede

By Njål Thunold Hatteberg

Korleis kan det praktiske faget i form av trehandverk løftast og presenterast for ungdomsskuleelevar?

Prosjektet, Skaparglede tek føre seg nedprioriteringa av dei praktiske- og estetiske faga i den norske grunnskule som har vore tydlege sidan skulereforma, Kunnskapsløftet vart satt i sving i 2006. Kravet om å ha sløydsal som eit undervisningsrom forsvann i løpet av denne reforma og fleire skular har sidan då valgt å omdisponere dette rommet til anna bruk.

Sjølv kjente eg stor motivasjon og meistring på sløydsalen. Her fekk eg utfolde meg kreativt og praktisk, og eg fekk lære på ein anna måte enn det eg gjorde på pulten i klasserommet. Kunst- og handverksfaget la grunnsteinane for min veg inn i eit praktisk og kreativt studieval, og eit framtidig yrkesliv. Desse grunnsteinane er i ferd med å forsvinne, noko eg ser på som særs utfordrande og problematisk. Eg meiner at dagens skuleborn også må få moglegheita til å lære gjennom det praktiske for det kan like så gjerne vere det praktiske dei vil drive med i framtida.

Sidan fleire skular har valgt å fjerne det gode praktiske undervisningsrommet som sløydsalen gjennom historia har presentert seg som, forma prosjektet seg som ein treverkstad på hjul. Denne treverkstaden svarar til behovet for det gode undervingsrom og ved at det er eit mobilt rom, vil det kunne reise rundt til dei skulane som har behov for det. Verkstaden er teikna som ein tilhengar med ulike stasjonar på dei to langsidene. Dørane kan opnast og fungerer som tak over dei ulike arbeidsstasjonane.

Sløydbenken er noko dei fleste kjenner til. Eit hjelpemiddel i møte med bearbeiding av treverk. Dette hjelpemiddelet var blant inspirasjonskjeldene frå den tradisjonelle verkstaden då konseptet sitt tilpassa møbel vart laga. Møbelet har som mål å fungere nettopp som eit hjelpemiddel i den mobile verkstaden. Tanken er her at alle elevane vil få utdelt eit slikt hjelpemiddel kvar. For å tilpasse møbelet til det romlege konseptet er det designa slik at det kan flatpakkas for å minimere plassbruk i rommet og det kan byggast opp på relativt kort tid. Ryggen er mogleg å justere i høgda slik at det tilfredstiller elevane sine ulike fysiske forutsetningar. På ryggflata er det mogleg å spenne fast treemnet ein arbeider med og hjelpemiddelet kan nyttast på ulike måtar for å svare til dei ulike arbeidssituasjonane ein bearbeidingsprosess krev.

Møbelsamansetning
ALT

Njål Thunold Hatteberg

E-post: njalhatteberg@gmail.com
Instagram: njaalth