Forbrukar poesi

By Oda Engelsen Ødegård

Kva no? er ei typografisk diktbok med åtte dikt skriven under eit overordna tema, konsumerisme. Målet med prosjektet er å auke bevissthet rundt temaet og samtidig utfordre designet på diktbøker. Dikta er skriven på nynorsk og beskriv det sosiale og emosjonelle knytt til forbrukarsamfunnet og personleg forbruk.

Ord er kraftige. Brukt riktig kan ord spreie glede, inspirere og engasjere, men dei kan òg bryte ned, skape tvil og frykt. I denne boka har eg to rollar: designar og forfattar, noko som har bydd på fleire utfordringar. Designaren ville gi typografien alt av plass og merksemd, mens forfattaren i meg var bekymra for lesbarheita. Til slutt kom me fram til eit kompromiss. Dikta er nummerert og framstilt på to forskjellige måtar; fyrst i eit relativt tradisjonelt oppsett, etterfølgt av ein typografisk fortolking av det same diktet eller delar av det.

Miniatyr dummy av boka før trykk.
ALT

Oda Engelsen Ødegård

24 år, grafisk designar, busett i Bergen med lidenskap for redaksjonell design, typografi, trykk og trykksaker.

odaengelsend@gmail.com
(+47) 403 43 956